Velkomen til Anemone Yoga

Tenk at noko så enkelt som å puste kan gjera så godt!

Anemone Yoga

Anemone Yoga Anita Fredheim Limstrand held til i Eidfjord i vakre Hardanger. Eg tilbyr ulike yogatimar i Eidfjord og Hardanger. 

Målet mitt er å vise at yoga er noko som passar for alle uansett alder, kjønn, fysisk form eller fysiske begrensning. 

Eg ønskjer å legge til rette for at du skal få ein pause i kvardagen og ny energi med deg vidare. 

Tilbakemelding frå tidlegare deltakarar

Yoga både føles godt og gjer meg godt. Eg er generelt stiv og støl i kroppen og har ein del utfordringar, men yoga kan eg fint gjere! Eg kan trygt sei at yoga er for alle, og gjer godt. På ein behageleg måte vert eg mjukare i kroppen, pusten går djupare og rolegare. Og ikkje minst kjenner eg meg fornøgd og takknemleg etter ein time med yoga. Anita er ei behageleg dame med god kunnskap ho deler med oss. Roleg og med behageleg stemme leder ho oss gjennom timen. Me er heldige som har tilbodet i bygda. Yoga=velbehag

Marita

Min dørterskel for å prøve yoga var høg. Eg tenkte ein måtte vera mjuk for å delta. Etter nokre rundar med meg sjølv enda eg opp på ein prøvetime med Anita og synes det var topp. Då eg var så uheldig å braut armen vart yoga ein god hjelp mot smerter. Det eg hadde lært av Anita om pust, halde fokus og vera tilstades her og no hjalp meg gjennom smerter, spesielt om natta. Då eg ikkje kunne delta på yogatimar var eg med i lokalet og sat og var tilstades her og no. Det gjorde så godt sjølv om eg ikkje var med på øvelsar. Eg søv så mykje betre om nettene etter yoga. Tusen takk Anita!

Britt