
Mine tenester

Gruppetime
Eg tilbyr yogatimar i Eidfjord og Hardanger. Eg tilbyr yogakurs som går over fleire veker slik at me går grundig gjennom alle posisjoner. Ein vil gjennom å få kontinuitet oppnå god effekt ved auka bevegelegheit og det å vera tilstade.
Eg legg vekt på pust og tilstedeværelse i kroppen i alle mine timar.
Min yogaform er roleg der me bruker god tid i kvar stilling. Me utfører stillingane sakte og eg vil bistå med å tilrettelegge ulike behov.

Yoga for bedrifter
Ei god investering i dine tilsette. Eg tilbyr yoga for bedrifter der eg tilpasser behov og ønsker. Bedriftsyoga er med på å skape eit godt arbeidsmiljø og redusere sjukefråvær.
Her kan me saman finne kva løysing som passer best for di bedrift enten du ønskjer ein fast time kvar veke, eller om de skal ha eit sosialt arrangement. Ta kontakt så finn me ei løysing for di bedrift.

Duo time
Passer det ikkje for deg å delta på gruppetimer. Har du helseplager som du ønskjer spesielle øvelser for? Eller vil du berre ha egentid med yoga. Ønskjer du ein time saman me ein ven, kjæraste eller kollega?
Eg ønskjer at så mange som muleg skal få kjenne kor godt yoga gjer på kropp og sinn. Eg har gode erfaringar med den positive effekten yoga har på til dømes søvn. Eg er veldig fleksibel og dersom du har lyst til å ha ein til ein yoga time eller saman med kjærasten, ektefelle, venn eller venninner så kan eg kome til deg. Dersom du er interessert i ein til ein yogatime så ta kontakt.

Senior Yoga
Ein klasse berre for deg som er senior. Her trenar me bevegelse, styke og balanse som er vert viktigare og viktigare dess eldre me vert. Yoga er ein skånsam trening som gir gode helsegevinstar.
Senior yoga hjelper deg med å lytte innover samtidig som du utviklar din bevegelighet, styrke og balanse. Me brukar stol til støtte ved behov og øvelsane foregår roleg.